Fleirtalet av kommunane held fram med å satse på psykisk helsearbeid,
sjølv om Opptrappingsplanen for psykisk helse no er avslutta.
Det viser ei rundspørjing Helsedirektoratet har gjort blant
fylkesmennene.
I samband med Opptrappingsplanen for psykisk helse har kommunane etablert
mange nye tiltak og tenester. Helsedirektoratet gjorde i 2009 ei
rundspørjing blant alle fylkesmannsembeta. Målet var å sjå
på stoda for tenestetilbodet i kommunane etter at planen vart
avslutta.
Etter avviklinga av Opptrappingsplanen får ikkje kommunane
lenger øyremerka statlege midlar til psykisk helsearbeid. Trass i dette
viser kartlegginga at 84 prosent av kommunane i Noreg held oppe
ell
er styrkjer tilbodet innan psykisk helse,
medan 16 prosent kuttar i tilbodet.
Fylkesmannen i Hordaland har kartlagt situasjonen her i fylket.
Fleirtalet av dei 22 hordalandskommunane som svarte på
undersøkinga, melde at tilbodet var uendra frå 2008 til 2009. Den
viktigaste utfordringa var samarbeid og samhandling mellom einingar.
Alle kommunane i Hordaland skal
rapportere
elektronisk til Fylkesmannen innen 15. februar 2010 om kva
tiltak kommunen har innanfor psykisk helsearbeid.
Rapporteringa til Fylkesmannen er viktig for å følgje med på at
tenestetilbodet som vart bygd opp gjennom Opptrappingsplanen, framleis vert
høgt prioritert. Samstundes gir det kommunane eit verktøy for å følgje
utviklinga og synleggjere årsverkinnsatsen i det psykiske
helsearbeidet.
(18.12.2009 Oppdatert: 08.01.2010)