Masfjorden - første kommune ut
Fylkesmannen er glad for å kunne godkjenne den første kommunale
forvaltingsplanen for gjess i Hordaland. Det er neppe tilfeldig at den
første planen kom nettopp frå Masfjorden kommune, som dei siste åra har
opplevd større utfordringar med ein veksande grågåsbestand. Denne kommunale
forvaltingsplanen må sjåast i samanheng med den regionale forvaltingsplanen
som Fylkesmannen publiserte i juli 2008. Her vart rammene for den kommunale
gåseforvaltinga lagt.
Differensiert gåseforvalting i Hordaland
Ein gjennomgåande strategi i gåseforvaltinga i Hordaland er å
gjennomføre ei differensiert forvalting. Med dette meiner vi at visse areal
med dyrka mark bør leggjast til rette som frie gåsebeite (friområde), medan
andre viktige jordbruksområde må gjerast mindre tilgjengelege for
gjessene (skremmeområde). Her vil førebyggande tiltak som gjerding mot
vatn, jakt, jaging, bruk av hund i løypestreng m.m., auke stressnivået til
gjessene som normalt då vil unngå desse areala. Tidleg jaktstart frå
26. juli vil også vere eit effektivt tiltak for å halde gjessene borte frå
særleg viktige jordbruksareal. I tillegg vil dette bidra til å
regulere gåsebestanden i høve til ønskjelege bestandsmål som er presenterte
i kommunale forvaltingsplanar.
Verkemiddel i Masfjorden
I løpet av våren og sommaren 2008 har Masfjorden kommune gjort ein stor og
god kartleggingsinnsats for å få betre oversyn over hekkebestand og areal
med dyrka mark som har blitt påverka av gåseskadar. Kommunen har også fått
i stand avtalar med grunneigarar om å etablere friområde for grågjess,
parallelt med at ein har satt bestandsmål i ulike delar av kommunen. Ei
slik heilskapeleg bruk av desse verkemiddela vil i stor grad sørgje for at
det totale skadeomfanget i jordbruksområde vert avgrensa. Samstundes
tek kommunen sitt forvaltaransvar overfor grågåsa som er ein
stadbunden og naturleg viltart i Masfjorden og Hordaland.
Grågjess på dyrka mark. Utarbeiding av kommunale forvaltingsplanar skal
sikre ei differensiert lokal gåseforvalting der tiltaka både gagnar
bonden og grågjessene. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©
Midlar frå Regionalt miljøprogram til friområde
Konseptet omkring bruk av friareal i gåseforvaltinga i Hordaland har blitt
ytterlegare forsterka ved at det for perioden 2009-2012 vert mogleg å søkje
om tilskot til friareal frå Regionalt miljøprogram for landbruket i
Hordaland. Dette kan gjere det lettare for aktuelle grunneigarar å takke ja
til tilbod om å etablere friområde. Desse areala vert då kartfesta i
kommunal forvaltingsplan for gjess.
Forskrift om tidleg jaktstart i Masfjorden
Etter at kommunane har fått godkjent ein lokal forvaltingsplan for gjess,
har Fylkesmannen høve til å fastsetje forskrift om utvida jakttid på
grågås. Dette har Fylkesmannen nyleg gjort for Masfjorden, der
tidleg jakta no er frå 26. juli til og med 9. august. Den
ordinære gåsejakta startar som vanleg den 10. august. Det er i
utgangspunktet berre i skremmeområda som er definerte i den lokale
forvaltingsplanen, det er opna for tidleg jakt (sjå forskrift nede på
sida).
Fylkesmannen har frå før utvida jakttida på framande gåseartar (kanadagås
og stripegås) til å gjelde frå 26. juli til og med 23. februar i heile
Hordaland.
(16.03.2009)