NVE sa nei til Siragrunnen

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avslått søknaden om konsesjon for Siragrunnen vindkraftverk i sjøen like utanfor Flekkefjord og Sokndal kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.01.2015

Fylkesmennene i Rogaland og i Vest-Agder var blant dei fire statlege instansane som i 2013 reiste motsegn til Havgul sine planer om eit stort vindkraftanlegg på Siragrunnen utanfor Flekkefjord og Sokndal.

I vår motsegn vart det lagt vekt på at nasjonalt og internasjonalt viktige fugletrekk går midt gjennom planlagt kraftanlegg. Likeså vil anlegget ha store negative følgjer for landskap og marine verdiar. I tillegg til fylkesmennene reiste Riksantikvaren og Fiskeridirektoratet motsegner.

Saka har ført til uvanleg stort engasjement, der mellom anna ei rekke regionale og nasjonale organisasjoner har hatt mange innspel i saka, - i tillegg til omfattande pressedekning. Fylkesmannen i Rogaland er godt nøgd med at NVE i si samla vurdering og i avslaget har lagt stor vekt på miljøkonsekvensane.

Sjå uttale og vedtak i dokumentlenkene til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.