Ei usikker framtid for vipa?

Jærkommunane Time, Klepp og Hå er saumfart for hekkande viper, den fyrste totalteljinga av sitt slag. Her finn ein truleg den største samlinga av hekkande viper i landet, - og Klepp er klart den viktigaste kommunen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2014

Dette syner ein ny rapport av Kjell Mjølsnes om teljingar i tida 2011-2013 utarbeidd for Naturvernforbundet i Rogaland. Arbeidet er finansiert av Fylkesmannen i Rogaland.

To vipehanner i territorieflukt.

Teljingane har kartfesta dei viktigaste hekkeområda for fuglane, og ein har prøvd å estimera tal på fuglar som hekkar innanfor kommunane. Samla er det registrert 1954 par hekkande viper i dei tre kommunane, flest i Klepp.

 

To vipehannar i territorieflukt.
Foto: Kjell Mjølsnes

Vipa har no forsvunne som hekkefugl frå stadig større deler av landet, men har framleis ein sterk posisjon på Jæren. Dette skuldast at Jæren er det beste hekkeområdet for arten i landet. Men eit studie over 15 år på Jæren utførd av Ingvar Byrkjedal m.fl. syner nær ein halvering i talet på hekkande viper i denne perioden. Dette stemmer bra med utsegn frå fleire bønder som rapporterar at den kjære fuglen forsvinn frå jordene.

Det er enno mykje viper på Jæren, truleg vipas siste skanse i Noreg. Dokumentert tilbakegang syner at arten vil kunne bli fåtallig også her over tid. Skal vipa være til stades i jordbrukslandskapet i framtida hastar det med tiltak. Viktige hekkeområde er no kartlagt, og ein kan bruka målretta verkemiddel for å ta vare på fuglane for framtida, i tett samarbeid med gardbrukarar og andre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.