Velkomen til statsborgarseremoni 2. juni 2013

Statsborgarseremonien søndag 02. juni går føre seg i Statens hus. Hovudtalar denne gong er stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa. 

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2013

126 av dei som fekk norsk statsborgarskap i perioden august 2012 til mars 2013 har takka ja til invitasjonen om å delta på seremonien. Dei nye statsborgarane har fått høve til å ta med seg familie og vener, slik at det til saman er ca 380 påmelde.

Fylkesmannen har i tillegg invitert særskilte gjester, m.a. ordførarane i dei kommunane der dei nye statsborgarane bur og politimeistrane i distriktet.

Fylkesmann Tora Aasland leiar den formelle delen av seremonien. På programmet står m.a. talar, musikkinnslag, felles avlegging av truskapsløfte og overrekking av ei praktbok om Noreg "Velkommen som ny statsborger". I tillegg til hovudtalar Magnhild Meltveit Kleppa , får vi ei helsing frå ordførar i Tysvær, Harald A. Stakkestad og frå innvandrarrådet i Sandnes ved Hamidullah Amiri. Musikkinnslaga er det elevar frå musikklinja ved Stavanger Katedralskule som står føre. Seremonien blir avslutta med enkel servering og sosialt samvær.

For program sjå lenkje til høgre under "Relaterte dokument"

 

Kontaktpersonar

(01.11.2012)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.