Det hastar med miljøsertifisering i skogbruket

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar (MIS) fører fram til miljøsertifisering, noko som er ein føresetnad for å få levere tømmer frå 2016. Vegard Aune, plansjef i Allskog gjorde under skogsamlinga i Molde 05.03.2014 greie for dei nye krava til sertifisering i skogbruket. Frå 2016 skal alle tømmerleveringar vere miljøsertifisert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2014

Ei kartlegging av ressursgrunnlaget er eit grunnleggjande element i næringskjeda. Dette skjer gjennom skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. I korte trekk inneber prosessen dette:

  • Gjennom skogbruksplanlegging blir skogen delt inn i bestand ut frå alder, bonitet og treslag.
  • Kvart bestand har informasjon om volum og tilvekst.
  • Skogbruksplan blir levert i perm med kart og flyfoto. Den kan og leverast på digital form.
  • Dette inkluderer miljøsertifisering av skogeigedomen.

Kva oppnår skogeigaren? Det er betre å forvalte eigen skog i forhold til og planlegge hogst og skogkultur. Skogeigaren får betre råd og rettleiing frå skogbruksleiaren og skogbrukssjefen.

Det foregår no komplettering av miljøregistreringar i Surnadal kommune. Rauma, Sunndal, Norddal, Stranda og Sykkylven kommunar er ulike faser i høve til å etablere skogbruksplanprosjekt.

Så mange som 113 av «Allskog» sine 152 kommunar har ikkje miljøsertifisering av skogeigedomane per i dag. Berre eit titals kommunar har skogbruksplaner av «yngre» dato (under 10 år gamle). Det hastar derfor å komme i gang med arbeidet, for å få på plass sertifiseringa innan utgangen av 2015.

Ta kontakt med skogbruksforvaltninga i kommunen for å komme i gang.